Kvart år døyr rundt 900 personar av influensa. Dette talet er om lag ti gangar høgare enn årlege dødsfall i trafikken. 1,6 millionar nordmenn høyrer til ei risikogruppe som anbefalast vaksinering. Likevel stiller mange seg spørsmålet: er det lurt å ta influensavaksinen årleg? Kva er konsekvensane av stadig vaksinepåfylling?

Skrevet av Nina Urke Ertesvåg og Rebecca Cox, Influensasenteret, Universitetet i Bergen. Illustrasjonsbilde av Nina Urke Ertesvåg .

Trendy og komplisert forskingstema

Effektar og konsekvensar av fleire influensavaksineringar er eit «heitt» forskingsområde for tida, der siste ord utan tvil ikkje er sagt. Så langt er det sprikande funn: nokon finn fordelar av årleg vaksinering, andre gjer ikkje det. Faktorar som kan forklare ulike utfall, er at så få av oss faktisk tek influensavaksinen kvart år. Det er ofte små grupperingar konklusjonane må baserast på. Dessutan kan resultata variere alt etter korleis vi nærmar oss problemstillinga, til dømes kva slags influensavirus ein ser på. Det er med andre ord komplisert. Men kvifor må du ta influensavaksinen kvart år?

Ein oppdatering ventar…

Kort fortalt liknar influensaviruset ein motetrend – du kan vere ganske sikker på at årets vintermote vil vere annleis enn førre år. Influensaviruset likar å skifte kappe for å unngå gjenkjenning av eit påtrengjande immunforsvar. For å henge med må vi difor tipse immunforsvaret vårt om korleis det skal kjenne igjen årets influensamote; vi må oppdatere influensavaksinen.

Men kva er problemet?

Ein av forklaringane til dei som finn negative effektar av å vere vaksinert gjentekne gangar er som følgjer: ein stadig påfylling av ulike influensavirus kan føre til at immunforsvaret prioriterer forsvaret sitt annleis. Det kan kjenne igjen delar av motekappen til viruset frå førre sesong, og satse alt på denne detaljen i årets forsvar. Men i realiteten kan det vere ein heilt annan dominerande detalj på årets virus som ein burde ha lagt fokuset på. Dette kan føre til ein dårleg motesesong for immunforsvaret.

Suksess innan rekkevidde

Person med influensa – skulle lest mer om influensa på helsenorge.no

På den andre sida, viser nokre studiar at gjentatt vaksinering er med på å oppretthalde effektivt forsvar mot influensavirus. Allereie i løpet av eitt år vil eksisterande vern mot influensa bli stadig meir svekka, men ein oppdatert vaksine kan sikre deg mot nye infeksjonar. For kvar sesong med vaksine på «catwalken», blir immunforsvaret kvikkare, og det kan etterkvart reknast som reine Donatella Versace.

Få alternativ

Akkurat kva som forklarer dei ulike scenarioa av suksess versus skuffelse veit vi ikkje enno. Men kva er eigentleg alternativet når ein står framføre årets influensasesong? Å ikkje vaksinere seg garanterer dårlegast mogleg utrustning før årets vintersesong. Så langt har vi ingen måte å ta høgde for ein potensiell immunforsvars-prioritering. Då er det framleis betre å køyre eit andreplass moteshow framføre influensainfeksjon og totalt nederlag. Mange gløymer at konsekvensen kan vere dødeleg.

Eg stiller meg bak årets bodskap frå helsenorge.no – ta influensavaksinen og køyr show!

Vil du lese meir?

Spre kunnskapen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *